Nye utsleppsløyve i Sogn og Fjordane

Del saken

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve nye utsleppsløyve til Marine Harvest, Landøy Fiskeoppdrett og Osland Havbruk for oppdrett av laks og aure i merd.

Marine Harvest Norway - 5460 tonn på lokalitet Brunsvik
Fylkesmannen har gjeve nytt løyve etter ureiningslova til Marine Harvest Norway AS som ønskjer å utvide sin matfiskproduksjon på lokaliteten Brunsvik i Vågsøy kommune.

Anlegget hadde frå før løyve til produksjon av 3120 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB), og søkte om utviding til 5460 tonn MTB, melder Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Landøy Fiskeoppdrett - 1560 tonn på lokalitet Guriøyna
Fylkesmannen har gjeve nytt løyve etter ureiningslova til Landøy Fiskeoppdrett AS som ønskjer å etablere matfiskproduksjon på lokaliteten Guriøyna i Askvoll kommune.

Løyvet gjeld for ein produksjon av inntil 1560 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB).

Osland Havbruk - 2340 tonn på lokalitet Bjønnspjotneset
Fylkesmannen har gjeve nytt løyve etter ureiningslova til Osland Havbruk AS som ønskjer å utvide sin matfiskproduksjon på lokaliteten Bjønnspjotneset i Høyanger kommune.

Anlegget hadde frå før løyve til produksjon av 1625 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB), og søkte om utviding til 2340 tonn MTB.

Vilkår

Løyva er gjevne med vilkår om mellom anna overvaking av miljøtilstanden i sjøresipientane.

Dei tre løyva etter ureiningslova er berre gyldige saman med løyve etter akvakulturlova, som vert avgjort av fylkeskommunen.