For feit feit fisk

Laks som får for lite marin kost kan ha større risiko for hjarteinfarkt, viser ny forsking frå NIFES.

– Laksen blir feitare på feil stader, seier forskar ved NIFES, Bente Torstensen.

NIFES har stått i spissen for det første fôringsforsøket der oppdrettslaks har fått prøve eit nær vegetarisk kosthald. Resultata, publisert i British Journal of Nutrition, tyder på at dette ikkje er sunt for laksen, melder NIFES.

Plantemat til fisk

Tradisjonelt lever oppdrettslaks hovudsakleg av marin kost i form av fiskeolje og fiskemjøl. Forskarane ved NIFES sette i staden saman ein diett der 70 prosent av fiskeoljen vart bytta ut med planteolje og 80 prosent av fiskemjølet erstatta av planteprotein i 12 månader.

Fôringsforsøket viste at laksen ikkje har godt av å vere vegetarianar.

– Laksen lagra meir feitt i blod, lever og rundt indre organ. Det er normalt at laks har mykje feitt i kroppen, men ikkje på desse stadene. Laks har i utgangspunktet mager lever, seier Torstensen.

Laks, som frå naturen si side er ein feit fisk, kan altså utvikle fedme.

– Vi såg det same vi ser hos menneske som er i ferd med å utvikle metabolsk syndrom. Laksen blir feit på feil stader, og det kan føre til ubalanse og uheldige helseeffektar.

Metabolsk syndrom er eit medisinsk samleomgrep for tilstandar som mellom anna kan føre til diabetes 2 og hjarte- karsjukdommar.

Med andre ord er det tenkeleg at laksen kan utvikle for eksempel hjartelidingar med for høg del vegetabilske råvarer i fôret.

Skal finne grense

Forsøket er del av EU-prosjektet AquaMax der NIFES saman med 32 andre institusjonar i 14 land har forska på ulike fôrsamansetningar til oppdrettsfisk og helseeffektar for både fisk og forbrukar.

Den kraftige veksten i oppdrettsnæringa gjer at det i framtida ikkje vil vere berekraftig grunnlag for å fôre laksen med like mykje marin kost som i dag. I 2030 vil truleg halvparten av den globale produksjonen av sjømat kome frå akvakultur.

– No kan vi konkludere med at for mykje vegetabilsk fôr kan føre til ei uheldig utvikling for oppdrettslaksen. Men kvar grensene går for kva som er forsvarleg inntak, gjenstår å finne ut, seier Torstensen.

Foreløpig veit forskarane heller ikkje om auka lagring av feitt rundt indre organ har same uheldige helseeffekt hos laks som hos menneske.

– Det er noko vi håpar å finne ut i neste forsøk, seier Torstensen.