Vil tillate flytting over regiongrenser

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å opne for at dei som vidareforedlar ein vesentleg del av sin eigen fisk kan flytte biomasse over regiongrensene.

Dette når dei har oppdrettsløyve på begge sider av grensa.

– Dette gir auka fleksibilitet som kan bidra til at verksemder med vidareforedling får meir stabil tilgang på råstoff, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen i ei pressemelding.

Løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure er knytt til éin av Fiskeridirektoratet sine regionar. Men forbodet mot flytting av biomasse på tvers av regiongrensene kan slå uheldig ut, særleg for dei som vidareforedlar eigen biomasse. Difor foreslår departementet no å endre forskrifta og innføre det ein kallar inter-regionalt biomassetak for selskap som vidareforedlar ein vesentleg del av fisken som dei oppdrettar.

– Eg gjer dette for å skape auka fleksibilitet for næringsaktørane samtidig som det kan stimulere til meir bearbeiding. Det kan bidra til auka sysselsetjing og sikre eksisterande arbeidsplassar i distrikta, seier Helga Pedersen.

Høyringsfristen er 18. november 2009.