Som ihuga laksefiskar er kong Harald kjent med lakselusa. På Havforskingsinstituttet sin messestand vart han oppdatert på den blodtørstige parasitten. Det endte med eit lattermildt grøss.
Kongen opna Aqua Nor 09 i Trondheim tysdag. På rundturen i messeområdet besøkte det kongelige følget stand 316, der Havforskingsinstituttet held hus, melder instituttet på si heimeside.
Smitte og vaksine
Der stod ein lakselusekspert parat. På dei to minuttane forskar Karin Boxaspen fekk tête-à-tête med kongen rakk ho mellom anna å fortelja at lakselusa er eit av dei store problema i oppdrettsnæringa, og at Havforskingsinstituttet arbeider spesielt med smittespredning og vaksine. Når det gjeld det sistnemnde er det ikkje opplagt kva som er den mest effektive vaksineringsmetoden.
– Men syg ikkje lakselusa blod? ville kongen då vita. Som er heilt korrekt, i følgje Karin Boxaspen.
– Han fiskar jo mykje, og har tydeligvis gjort seg tankar om kva veg vaksinen kan ta inn i fisken, seier ho.
Eit lite grøss
Instituttet sin stand dokumenterer nyare lakselusprosjekt med bilete og tekstar. Ein av roller-upane viser nettopp ei vaksen holus med blod i tarmen. Synet lokka fram eit lite grøss hos majesteten, skal vi tru på meldinga frå Havforskningsinstituttet. Reaksjonen vart diskret registrert av den årvakne lakselusforskaren.
– Eg mistenkjer at kongen syns lakselus er ekle, uttalte Boxaspen med eit smil.
Internasjonalt samarbeid
Fleire fiskeriministrar og andre utanlandske gjester følgde kongen på rundturen i St. Olavshallen. Det vitnar om at messa også er ein viktig arena for politiske diskusjonar. Boxaspen vonar at diskusjonane munnar ut i meir internasjonalt forskingssamarbeid.
Noreg deltek alt i eit nettverksprosjekt på lakselus saman med Canada, Irland og Skottland. Havforskingsinstituttet er også i ferd med å formalisera eit prosjekt om genom på lakselus med Canada.
– Det er nok forsking til alle, seier Boxaspen. Forutan områda der Noreg ligg langt framme; smittespreiing og vaksinering, er det viktig å læra meir om avlusing og sjukdomsbehandling og å utvikla teknologien i oppdrettsanlegga. Boxaspen peikar dessutan på at grunnforskinga på lakselus er mangelfull.
Nysgjerrig næring
Også næringa er nysgjerrig på kor langt forskinga på lakselus er komen.
– Oppdrettsnæringa treng løysingar på lakselusproblemet om vidare vekst skal kunna forsvarast, seier Boxaspen, som har tru på at forskarane vil lukkast med å halda lakselusa i sjakk.
– Lakselusa høyrer til i naturen, ho vert aldri borte. Men eg har tru på at vi på sikt vil klara å redusera problemet slik at lakselusa ikkje påverkar villaksstammane.