Vestlandsk fellesstand på Aqua Nor

Tre fylkesordførarar frå Vestlandet stod i dag for den offisielle opninga av Vestlandet sin fellesstand på akvakulturmessa Aqua Nor i Trondheim.

Standen har 26 utstillarar, der både oppdrettarar, utstyrsprodusentar, forsking og forvaltning er representert, melder Sogn og Fjordane Fylkeskommune på si nettside.

– Fellesstanden vil vere eit naturleg samlingspunkt under messa for fleire enn standen sine utstillarar. Sjømatbaren som serverer små smaksprøver av havet sine delikatesser, synte seg alt den fyrste dagen å vere ein publikumsmagnet, meiner fylkeskommunen.

– Utanom dei gastronomiske godbitane vil vi og servere eit godt fagprogram over to dagar. Fagprogrammet set fokus på bærekraftig havbruk og nye marine artar i oppdrett, seier Tanja Hoel frå Norsk Sjømatsenter. Ho tek seg av det praktiske arbeidet med fellesstanden.