Marine Harvest Norway har oppdaga hol i ei not på ein lokalitet på austsida av Smøla.
Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal har motteke melding om muleg rømming frå Marine Harvest Norway AS sin lokalitet i Bremnessvaet. Lokaliteten ligg på austsida av Smøla, tett opp til fylkesgrensa mot Sør-Trøndelag, melder Fiskeridirektoratet.
Under rutineinspeksjon med kamera vart det observert hol i ei av tre nøter på lokaliteten. Holet er om lag 40 centimeter langt, og sit på om lag 25 meters djupn.
Fisken i nota er slakteklar, men Fiskeridirektoratet har per i dag ikkje oversikt over kor mange individ det er i den aktuelle nota.
Det er sett i verk gjenfangstfiske, opplyser direktoratet.
Nyleg rømde det mellom 50.000 og 70.000 laks fra Marine Harvest sitt anlegg i Osen i Sør-Trøndelag.
Les også: – Maks 70.000 laks rømte i Osen 05.12.2011
Les også: Lakserømming fra Marine Harvest 30.11.2011