Anders Pedersen i Fjordlaks AS er sjokkert over at Mattilsynet tillet flytting av PD-smitta fisk.
Mattilsynet går bort frå eigne reglar og godtek at SalMar Farming AS og Lerøy Hydrotech AS får flytte PD-smitta fisk frå Nordmøre og Sør-Trøndelag, til områder sør for Hustadvika.
SalMar Farming og Lerøy Hydrotech kjempar for å berge fem millionar PD-smitta laks i anlegg på Nordmøre og i Sør-Trøndelag. Hovudregelen seier nedslakting, men fredag opna Mattilsynet for at noko av fisken, opp til 1,5 millionar laks, kan flyttast til ytre del av Romsdalsfjorden, skriv Sunnmørsposten.
Samstundes opprettheld Mattilsynet strategien om å halde kyststrekninga nord for Hustadvika fri for Pancreas Disease (PD), og målet med flyttinga er ein del av denne strategien.
Les også: Opprettholder PD-strategien 17.12.2011
Sjokkert over Mattilsynet
Matilsynet sitt vedtak for SalMar Farming og Lerøy Hydrotech møter reaksjonar frå andre oppdrettarar, og ein av desse er direktør Anders Pedersen i Fjordlaks AS i Ålesund.
– Det er snakk om ein stygg variant av PD som vi ikkje har hatt sør for Hustadvika. Dersom Mattilsynet tillet flytting av PD-sjuk fisk på denne måten så er det pengane som rår – ikkje Mattilsynet, seier Pedersen til avisa.
Sjølv måtte han slakte ned mykje regnbogeaure då det vart påvist VHS virus i Fjordlaks sine anlegg i Storfjorden, noko som medførte eit tap på over 200 millionar kroner.
– Når ein går til Romsdalsfjorden med denne PD-fisken, så flyttar ein eit problem frå eitt fylke til eit anna. Ein risikerer også å flytte resistent lus frå eitt område til eit anna, seier ein sjokkert Anders Pedersen.
Han peikar vidare på at fisken er forsikra. Ved eit pålegg om destruksjon av fisk, ville forsikringane ha avgrensa oppdrettarane sitt tap.
– Ikkje sjuk fisk
Seksjonssjef Knut Rønningen i Mattilsynet Region Møre og Romsdal og Trøndelag avviser at dette er sjuk fisk.
– Dette er fisk som er klinisk frisk. Det er påvist virus, men det er ikkje sjukdom. Og lokaliteten fisken kan flyttast til ligg slik til at risikoen for å eksponere andre anlegg er minimal, seier Knut Rønningen til avisa.
– Vi tillet ikkje flytting av sjuk fisk, seier han.
Rønningen vedgår at det i føreskriftene er fastsett forbod mot flytting av smitta fisk.
– Ja, i utgangspunktet er det flytteforbod, men regelverket opnar også for at det kan gjerast unnatak. Dette er ein del av ein større heilskap der fem millionar fisk er råka. Flyttinga vil toppen gjelde 1,5 millionar fisk, resten blir sanert, seier Rønningen.
Han fortel det har vore ei krevjande avgjerd der Mattilsynet har vurdert omsynet til fiskehelse, fiskevelferd og omsynet til dei store verdiar som er involvert.