- Framleis for høge tal for rømming

Laks i oppdrettsmerd. Foto: Havforskningsinstituttet
Del saken

Det rømde 370.000 laks i 2011, mot 287.000 laks i 2010, melder Fiskeridirektoratet. Samtidig vert tala for 2010 oppjustert med 35.000 laks.

– I 2011 er over 370 000 laks rapportert rømt. Sidan 2008, som var eit år med rekordlåg rømming med 111 000 rømt laks, har vi sett ein trend med aukande rømming, seier direktør ved kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet, Jens Christian Holm.

Det er rapportert om 10 rømmingar av laks og regnbogeaure med meir enn 2000 fisk. Dei fire største av desse rømmingane var på til saman 323 000 laks. Den største rømminga på 173 000 laks var frå Salmar, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Tala for 2010 er oppjustert

Fiskeridirektoratet opplyser no at det i 2010 rømde 286 782 laks. For 1 år sidan opplyste direktoratet at det rømde 252 000 laks i 2010. Tala er med andre ord oppjustert med knapt 35 000 fisk frå førre oversyn for 2010. Då tala for 2010 vart presenterte i januar 2010, var det tala for 2009 som vart oppjustert i høve til tidlegare oversyn.

Les også: Oppjusterer rømmingstallene for 2009 20.01.2011

Utfordringar ved bruk av botnring

Alle desse rømmingane er frå anlegg med store plastringar frå 140 meter til 160 meter i omkrets. Årsakene i tre av tilfella er knytt til botnring, mens ei er knytt til spyling av nót.

Gnag frå botnringkjettingar gjev erfaringsmessig store rivner som kan gje omfattande rømmingar. To av hendingane med botnring er knytt til gnag mellom nót og oppheng til botnring. Talet på fisk som er meldt rømt i samband med dette er 120 000. Den tredje og største hendinga skjedde i samband med handtering av botnring under avlusing.

- Menneskelege feil ei viktig årsak til rømming

Det er mange risikooperasjonar i næringa og marginane er små. Den største rømminga i år er eit eksempel på dette. Utfordringane er knytt til driftsoperasjonar og menneskelege feil.

– Dei rapporterte hendingane viser at det rømmer fisk frå heile produksjonsrekkja; landanlegg, transport, sjøanlegg, transport og slakteri. Dersom ein analyserer årsakene bak desse hendingane så vil systemsvikt og operasjonsfeil med menneskeleg svikt vere kjerneårsaker.

– I eit tilfelle var eit tau knytt feil i samband med opptak av botnring i ein avlusingsoperasjon. Dette kombinert med manglande tilsyn etter avlusing og at operasjonen vart gjennomført utan dykkar til stades fekk ein alvorleg konsekvens. Eit anna eksempel er eit selskap som fyller laks i merd utan ferdig montert nót, fortel Holm.

Uvêr gjev meir rømming

Dei rapportane Fiskeridirektoratet har fått inn, viser at det truleg berre er mindre rømmingstilfelle knytt til orkanen «Dagmar».

Ein tek atterhald om ei rømming i Flatanger kommune i Sør-Trøndelag, som er rapportert av Marine Harvest 4. januar 2012. Der vil restmassen i nota bli tald opp først ved slakting.

Det ligg også føre meldingar om ei konkret rømming frå same selskap i Bremanger kommune og ei melding om mistenkt rømming frå eit anna selskap i same kommune.

I desse tilfella er ikkje talet på rømt fisk stadfesta, men det er fanga over 400 rømt oppdrettsfisk i området.

«Berit» verre enn «Dagmar»

Etter orkanen «Berit» legg direktoratet til grunn at det 29. november 2011 rømde om lag 60 000 laks frå Salmar sitt anlegg i Roan kommune og eit tilsvarande tal frå Marine Harvest sitt anlegg i Osen kommune.

Direktoratet meiner også at det rømde om lag 2300 laks frå Brandasund Fiskeforedling AS 1. desember 2011.

– Talgrunnlaget vårt viser at ein tredel av alle rømmingane i 2011 skjedde under orkanen «Berit», opplyser fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Skal tole uvêr

Fiskeridirektoratet si førebelse vurdering, er at uvêret i seg sjølv ikkje er årsak til desse rømmingane.

– Anlegga skal vere konstruerte for å tole stor belasting knytt til uvêr. Så langt ser det ikkje ut til at desse skadane er vesentleg annleis enn skader som ikkje er knytt til uvêr, seier Holmefjord.

- Framleis urapportert rømming

Når ein ser landet under eitt, har ikkje Fiskeridirektoratet grunn til å tru at det er nokon auke i urapportert rømming dei siste åra.

– Men direktoratet har framleis fleire tilfelle der fanga rømt oppdrettsfisk ikkje kan førast tilbake til rapporterte rømmingstilfelle, påpeikar Holm.

Enkelte stader har hatt eit betre innsig av villaks enn tidligare år. Dette gjev grunn til å tru at laks som er observert i sjøen ikkje har vore oppdrettsfisk.

- Viktig å hindre smoltrømming

Fiskeridirektoratet er uroa over rømming av ung fisk. Sportsfiskefangstane i elvane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane viser for 2011 eit lågare innslag av rømt oppdrettslaks. Det viser rapportering frå Rådgivende Biologer AS. 

Dette gjeld både for talet på oppdrettsfisk som er observert og den prosentvise delen rømt laks.

Rådgivende Biologer AS meiner at desse tala gjev grunn til å tru at delen av tidleg rømt fisk (fisk som har rømt før, under og rett etter smoltstadiet) er blitt mindre i høve til delen av fisk som rømmer seinare, og nærmare slakting.

– Direktoratet har lenge rekna med at vi har hatt store mørketal knytt til tidleg rømt fisk. Vi har difor lagt vekt på å informere og rettleie i samband med tilsyn og kontroll av settefiskanlegg, transport , utsett og første periode i sjøen, fortel Holm.

Rådgivende Biologer AS peiker på at dersom dei gode tendensane med ein lågare del ung, rømt fisk vert stadfesta neste år, så er dette ein muleg verknad av dette tilsynsarbeidet.

– I 2012 vil vi fokusere på dette området, og vi understrekar at dette arbeidet skjer i heile landet. Det er mange landanlegg som framleis ikkje har på plass tilfredsstillande rømmingssikring, avsluttar Holm.

Stilling ledig