Steinvik Fiskefarm kuttar ut Slakteriet

Del saken

Steinvik Fiskefarm har flytta all slakting av laks frå Slakteriet AS i Florø til Firda Seafood AS sitt anlegg på Byrknesøy i Gulen kommune.

Steinvik Fiskefarm AS har vore kunde hjå Slakteriet AS i 10 år, etter at oppdrettsselskapet la ned sitt eige slakteri, og slakta i fjor 8500 tonn fisk (sløgd vekt), noko som tilsvarande om lag ein fjerdedel av heile volumet til Slakteriet AS.

Men no har Steinvik Fiskefarm inngått ein avtale om å slakte all fisken hos Firda-gruppa, i fyrste omgang for eitt år, skriv avisa Firda.

Pris og konkurransetilhøve

- Det er to årsaker til at vi skiftar. Slakteriet varsla ein betydeleg prisauke og då hadde vi høve til å undersøkje andre alternativ, og vi fekk eit betre tilbod frå Firda-gruppa, seier Alex Vassbotten i Steinvik Fiskefarm.

- For det andre gjekk Slakteriet inn som stor aksjonær i eit nytt eksportselskap, som er ein konkurrent til oss. Før var Slakteriet ein nøytral aktør som jobba for mange eksportørar, som Seaborn, Norwell og Lerøy, men no har dei ikkje denne nøytrale rolla lenger, hevdar Vassbotten.

Vassbotten siktar til etableringa av eksportselskapet Front Marine AS i Bergen, med Slakteriet AS som største aksjonær. Fisken frå Steinvik Fiskefarm vert seld gjennom eksportselskapet Seaborn, der familien Vassbotten er største aksjonær og Alex Vassbotten er styreleiar.

Utvidar for 80 millionar kroner

Martin E Birknes Eftf AS, som er Firda-gruppa sitt slakteriselskap, er i gang med å utvide og modernisere slakteriet for 80 millionar kroner. Med fisken frå Steinvik Fiskefarm, vil årleg slaktevolum auke til 25.000 tonn.

- Det nye anlegget skal stå ferdig i januar 2013 og får ein kapasitet på 50.000 tonn, seier eigar av Firda-gruppa, Ola Braanaas, til avisa.

Stilling ledig