Eksportprisen vidare opp i veke 7

Arkivfoto: Porsjonsstykke av laksefilet. Foto: Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 0,98 kroner frå veke 6 til veke 7 i 2012.

I veke 7 i 2012 var eksportprisen for fersk laks 28,49 kroner per kilo, ein oppgang på 3,6 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 7 enda på 13.613 tonn, ein oppgang på 5,7 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 12.883 tonn.

I veke 7 vart det eksportert 685 tonn frosen laks, og prisen var 27,84 kroner per kilo.

Tabell: Eksport av laks

Fersk laks Frosen laks
År/veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
2012
7 13 613 28,49 685 27,84
6 12 883 27,51 700 27,60
5 13 226 25,31 775 28,09
4 12 990 25,26 767 27,13
3 13 994 26,71 1 331 28,42
2 12 528 24,95 755 28,34
1 11 785 25,65 483 30,21

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.