Eksportprisen for fersk laks gjekk ned med 0,13 kroner frå veke 9 til veke 10 i 2012, og var med det relativt stabil.
I veke 10 i 2012 var eksportprisen for fersk laks 28,64 kroner per kilo, ein nedgang på 0,5 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.
Eksportkvantumet for fersk laks i veke 10 enda på 15.525 tonn, ein nedgang på 1,9 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 15.829 tonn.
I veke 10 vart det eksportert 731 tonn frosen laks, og prisen var 28,70 kroner per kilo.
| Fersk laks | Frosen laks | ||
År/veke | Tonn | Kr/kg | Tonn | Kr/kg |
2012 | ||||
10 | 15 525 | 28,64 | 731 | 28,70 |
9 | 15 829 | 28,77 | 631 | 28,97 |
8 | 14 382 | 29,84 | 1 062 | 28,01 |
7 | 13 613 | 28,49 | 685 | 27,84 |
6 | 12 883 | 27,51 | 700 | 27,60 |
5 | 13 226 | 25,31 | 775 | 28,09 |
4 | 12 990 | 25,26 | 767 | 27,13 |
3 | 13 994 | 26,71 | 1 331 | 28,42 |
2 | 12 528 | 24,95 | 755 | 28,34 |
1 | 11 785 | 25,65 | 483 | 30,21 |
Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2011, 2010.