120.000 fisk rømte frå Firda Sjøfarmer

Fiskeridirektoratet ser svært alvorleg på rømmingshendinga frå Firda Sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen i Sogn og Fjordane.

Sidan Fiskeridirektoratet mottok den fyrste meldinga om rømming, er saka følgd tett opp av direktoratet.

– I følgje våre register hadde nota 237.000 regnbogeaure med ei snittvekt på cirka 250 gram. Førre veke var Fiskeridirektoratet region vest på rømmingsinspeksjon på anlegget, og i går deltok vi i teljing av fisken som var att i nota, fortalde regiondirektør i Fiskeridirektoratet region Vest, Vidar Ulriksen, i ei pressemelding tysdag.

– Vel 120.000 fisk rømt

– Dette synte at om lag 123.000 fisk har rømt. Dette er svært alvorleg, og oppfølging av denne saka vert prioritert hos oss, seier Ulriksen.

Fiskeridirektoratet vil i næraste framtid inspisere skadane på nota. Resultatet av inspeksjonen vil vere ein del av den endelege oppsummeringa og konklusjonen i denne saka.

– Vi har ikkje fått rapportar om stor gjenfangst. Så langt er berre 18 aurar tekne direkte på garn, og 31 aurar er funne i magen på større fisk, fortel seksjonssjef Paul Jacob Helgesen i Fiskeridirektoratet.

Då rømminga vart kjend forrige veke, opplyste verksemda at 10.000 fisk kunne har rømt, men at talet var usikkert. Vurdert ut frå observasjon av fisken i merda og fôring av denne, såg det ikkje ut til å mangle noko stort tal fisk i merda, fortalde oppdrettaren.

– Det kan vere ti fiskar og det kan vere mangfaldige tusen. Det vil vi ikkje vite før vi har tald opp fisken, sa administrerande direktør i Firda Sjøfarmer AS, Carl Erik Arnesen til NRK.

Aukar innsatsen

Førre veke oppmoda Fiskeridirektoratet, i lag med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, folk om å gje tilbakemelding dersom det vart gjort observasjonar av til dømes aure i mage på annan fisk, noko som kunne gje direktoratet eit bilete over geografisk spreiing av fisken. Direktoratet har enno ikkje motteke nokon slike meldingar.

– Vi er no i ein dialog med oppdrettar der vi vurderer trongen til å setje ut fleire garn med finare masker i eit større område, seier Helgesen.