I april vil Fiskeridirektoratet gjennomføre ein offensiv for å kontrollere om kravet til dobbel rømmingssikring er oppfylt.
Fiskeridirektoratet vil vitje landbaserte smoltanlegg, i hovudsak i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, skriv direktoratet i ei pressemelding.
Kravet om dobbel rømmingssikring av landbaserte anlegg trådde i kraft 1. januar 2008. I forskrifta om drift av akvakulturanlegg, står det at landbaserte akvakulturanlegg skal ha eigna innretning som hindrar at fisk rømmer gjennom avløp eller på annan måte.
– Kva ein konkret meiner med tilstrekkeleg eigna innretning, kan bli endra etter kvart som ein får meir kunnskap og det blir utvikla ny teknologi. Men kravet er at anlegga til ein kvar tid skal ha to uavhengige fungerande sikringar, seier Henrik Hareide, sjef for tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet.
– Det er oppdrettaren sitt ansvar at sikringane er så gode at dei hindrar rømming, seier Hareide.
Les også: Rømming fra landbasert anlegg 22.07.2010
Les også: Karsprekk på landbasert anlegg 22.07.2010
– Høgast risiko
Grunngjevinga for å innføre kravet om dobbelsikring var auka kunnskap om dei uheldige verknadane rømt smolt og postsmolt (stor smolt) har, særleg på villaks.
I Havforskingsinstituttet sin rapport «Risikovurdering – miljøvirkninger av norsk fiskeoppdrett», er smoltrømming identifisert som den høgaste risikoen for genetisk interaksjon (oppdrettslaks som går opp i elvane og deltek i forplantinga, kan på sikt svekke dei ville bestandane sitt genetiske materiale).
Tidspunktet for direktoratet sin offensiv er ikkje tilfeldig valt – i april har villsmolten enno ikkje vandra ut.
– Mange gamle settefiskanlegg
For å møte utfordringane har Fiskeridirektoratet oppretta ei faggruppe for landbaserte anlegg, som har fokusert på kravet til dobbelsikring.
– Settefisknæringa er prega av mange gamle anlegg og ulike tekniske løysingar. Uoversiktlege avløpssystem gjer tilsyn og kontroll vanskeleg, seier Hareide.
– Faggruppa gjennomførte hausten 2011 ei kartlegging, som viste at 107 av 205 landbaserte anlegg ikkje var kontrollerte i høve til dobbelsikring av avløp. Mange av desse anlegga ligg i fylka frå og med Møre og Romsdal og sørover. Etter ei samla risikovurdering har vi kome fram til at det vil ha størst effekt å rette offensiven i vår mot Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Men det kan også bli gjennomført kontrollar i andre fylke, fortel Hareide.
Kontrollane skal gjennomførast av personar frå alle regionar i Fiskeridirektoratet, slik at ein også sikrar god erfaringsutveksling og lik handsaming i framtida.
Her er nokre av retningslinene Fiskeridirektoratet sine kontrollørar kjem til å arbeide etter:
- Det eksisterar mange ulike løysingar på primær- og sekundærsikringar. Direktoratet skal kontrollere at det er minimum to uavhengige barrierar mellom fisk og sjø/elv.
- Direktorater skal gjere oppdrettaren merksam på at krava til sikringar er sett på bakgrunn av noverande kunnskap, men at krava truleg vil bli skjerpa inn etter kvart som vi får meir kunnskap.
- Ved manglande eller manglar på dobbelsikring, vil det bli gjeve varsel om pålegg og tvangsmulkt.
- Oppdrettaren skal sende inn dokumentasjon, som viser at tiltak er utført innan avtalt frist. Fiskeridirektoratet vil vurdere å etterkontrollere.