– Viktige skritt for auka berekraft

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Foto: Scanpix / NFD

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen applauderar forslaget om å etablere indikatorar og grenseverdiar for lakselus og rømt fisk.

– Dette er eit stort steg vidare for å sikre ein berekraftig oppdrettsproduksjon, og det viser at dei fremste kunnskapsmiljøa våre langt på veg er einige om kva som er akseptabel miljøpåverknad frå næringa, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen om nye forslag til tålegrenser for oppdrett under opninga av Hardangerfjordseminaret 2012 i Øystese 4. mai.

Berg-Hansen opna seminaret og snakka i innlegget sitt om forslaga til indikatorar og akseptgrenser for kva som skal vere akseptabel miljøpåverknad frå lus og rømt fisk. Forslaga er henta frå ein rapport utarbeidd av Havforskingsinstituttet og Veterinærinstituttet i samarbeid med Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Norsk institutt for naturforsking, og som vart overlevert sama dag, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Les også: Foreslår indikatorer og grenseverdier 07.05.2012

Vil be Fiskeridirektoratet og Mattilsynet om å følgje opp arbeidet

Eit samla fagmiljø foreslår førstegenerasjons målemetodar og fagleg baserte grenseverdiar for påverknad frå rømt oppdrettsfisk og lakselus. Det er forslag om å innføre eit prinsipp med varslingsindikatorar som utløyser auka overvaking og verifisering av tilstanden i fjordar eller elvar.

– Eg vil no be Fiskeridirektoratet og Mattilsynet om å følgje opp dette arbeidet med forslag til konkrete tiltak som bør setjast i verk dersom dei foreslegne tålegrensene blir overskridne, sa fiskeri- og kystministeren.

– Havbruk medverkar til verdiskaping og arbeidsplassar langs kysten. Berekraft er eit sentralt krav til næringa. Drøftinga om kva miljømessig fotavtrykk vi skal tillate frå oppdrettsbasert matproduksjon ser eg fram til å komme tilbake til i sjømatmeldinga som eg tek sikte på å fremme for Stortinget ved årsskiftet, avslutta Berg-Hansen.