- Stabilt innslag av rømt laks

Del saken

Det er framleis for høg innblanding av rømt oppdrettslaks i dei viktigaste vassdraga for villaks, melder Direktoratet for naturforvaltning og Fiskeridirektoratet.

I elvane sør for Stad var innslaget noko lågare i 2011 enn tidlegare år, men i elvane nord for Stad var det høgare i 2011 enn i 2010.

Samla var nivået det same for 2011 som for 2010, men innblandinga av rømt oppdrettslaks i dei viktigaste vassdraga for villaks er framleis for høgt, viser ei undersøking Norsk institutt for naturforskning (NINA) har gjennomført på oppdrag for Fiskeridirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning, vert det opplyst i meldinga frå direktorata.

Nær 2500 prøver analyserte

Førekomst av rømt oppdrettslaks om hausten 2011 er berekna for i alt 36 vassdrag med utvalsstørrelse på minst 20 laks per vassdrag. Rømt oppdrettslaks vart identifisert på grunnlag av vekstmønsteret i skjela, og til saman vart 2 461 skjelprøver analyserte.

Gjennomsnittleg innslag (ikkje vekta) av rømt oppdrettslaks i undersøkinga var 12,8 prosent i 2011, noko som tilsvarar om lag same nivå som i 2010 (13,1 prosent).

Skilje ved Stad

Undersøkinga viser at det var eit skilje mellom elvane sør og nord for Stad. Innslaget i elvane sør for Stad var signifikant lågare i 2011 enn i tre av dei fem føregåande åra. Nord for Stad var prosentdelen høgare i 2011 enn i 2010.

Trur på betring

Innslaget av rømt oppdrettslaks på gyteplassane til villaksen er framleis for høgt, heiter det i meldinga. Fiskeridirektoratet arbeider aktivt med tiltak som kan redusere rømming frå fiskeoppdrettsanlegg.

Med framleis fokus på rømmingssikring og full effekt av dei tiltak som er sett i verk for å førebyggje rømming, ventar forvaltinga at næringa kan redusere rømminga ytterlegare. Det vil gå noko tid før ein reduksjon i rømming vil vise att i innslaget i elvane, opplyser Direktoratet for naturforvaltning og Fiskeridirektoratet.

Stilling ledig