Staten har kome til ei minneleg løysing med Sparebanken Sogn og Fjordane, på vegne av kreditorfellesskapet etter konkursen hos torskeoppdrettaren Nærøysund AS.
I 2006 kjøpte Nærøysund AS, tidlegare Nærøysund Matfisk AS, torskeyngel frå Havforskingsinstituttet. Fisken fekk seinare påvist Francisella og måtte slaktast. Nærøysund AS gjekk konkurs hausten 2009.
Nærøysund har hevda at torskeyngelen dei kjøpte frå Havforskingsinstituttet, var smitta av Francisella allereie då den vart seld frå instituttet.
Instituttet erkjenner smitte i anlegget
Det har i lang tid vore dialog mellom partane med mål om å klårgjere saka. Basert på denne dialogen har partane nyleg lukkast med å finne fram til ei minneleg løysing, melder Havforskingsinstituttet.
– Havforskingsinstituttet ser at Nærøysund kunne vore betre informert om sjukdomstilhøva i instituttet sitt produksjonsanlegg etter at ein hausten 2006 såg teikn til at det kunne vere Francisella i anlegget, opplyser instituttet.
20 millionar kroner
Difor har staten no kome til ei minneleg løysing med Sparebanken Sogn og Fjordane på vegne av kreditorfellesskapet.
– Det vi har sagt i forliktet, er at Havforskingsinstituttet hadde smitte i anlegget sitt og at vi skulle varsla Nærøysund om det. Men vi visste ikkje at det var smitte på den fisken som blei seld, seier Tore Nepstad ved Havforskingsinstituttet til NRK.
I følgje NRK inneber forliket at banken får rundt 20 millionar kroner frå staten. Banken er største kreditor i konkursbuet, etter å ha lånt ut på 36 millionar kroner til oppdrettsselskapet.
– Staten seier seg lei for konsekvensane saka har fått, skriv Havforskingsinstituttet i meldinga.
Les også: – Kan krevje 50 mill. av Havforskingsinstituttet 12.11.2009