– Noreg og Chile treng meir kunnskap om havbruk, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen, som vitjar Chile og Brasil i perioden 18. - 22. november.
Måndag 19. november deltok Berg-Hansen på ein forskingskonferanse i «oppdrettshovudstaden» Puerto Montt i Chile.
– Noreg og Chile har store moglegheiter for å vidareutvikle havbruksnæringane sine. Vekst er likevel helt avhengig av solid kunnskap, gode forskingsmiljø, nytenking og berekraftige løysingar, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i si innleiing på forskingskonferansen, der dei to sjømatnasjonane diskuterte utvikling innan havbruk.
Konferansen vart arrangert av Nofima, SINTEF og Veso. Representantar frå begge styresmaktene, forskingsmiljøa og næringa deltok, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.
– Vi står framfor fleire utfordringar innan havbruk, som produksjonstap, lakselus, rømming og forbetra bruk av områda i kystsona. Dette er kompetanse som næringa må byggje opp dei neste 10 til 20 åra, sa fiskeri- og kystministeren.
– Havbruk, i likskap med annan matproduksjon, set fotavtrykk i miljøet. For å lukkast er det nødvendig med eit breitt internasjonalt samarbeid. Noreg ønskjer å ta lærdom av andre sine erfaringar og kunnskap, og samtidig håper vi at erfaringane våre kan hjelpe andre havbruksnasjonar til å utvikle næringa si, sa Berg-Hansen.
Seminar i Brasil om klippfisk og akvakultur
I Brasil skal statsråden delta på eit seminar for brasilianske sjømatimportørar i regi av Sjømatrådet. Seminaret vil fokusere på klippfisk som er det viktigaste sjømatproduktet Norge eksporterer til Brasil. I 2011 eksporterte Norge sjømat til Brasil for over 1,3 milliardar kroner.
Det vert også arrangert eit akvakulturseminar, der brasilianske styresmakter vil presentere sine planar for utvikling av akvakultur i Brasil. Berg-Hansen skal i tillegg ha politiske samtaler med den brasilianske fiskeriministeren.