Oppdrettar krev inntil 100 millionar

Vindafjord: Raunes Fiskefarm går til sak mot selskapet AF Decom Offshore AS, som dei meiner har øydelagt tilhøva for oppdrett i Vatsfjorden.

– Det er blitt umogleg å drive produksjon av torskeyngel og oppdrett av fisk i Vatsfjorden, ved sida av det store opphoggingsanlegget som AF Decom Offshore har bygt her, seier tidlegare styreleiar, no styremedlem i Raunes Fiskefarm, Randi Rettedal, til Stavanger Aftenblad.

No går Raunes Fiskefarm til retten, med eit krav på inntil 100 millionar kroner.

– Raunes Fiskefarm er blitt trengt bort både frå sjø og land ettersom AF Decom stadig utvidar, seier fiskefarmens advokat Halfdan Mellbye, til avisa.

Han legg til at ristingar i samband med undersjøisk sprengingsarbeid og utslepp av steinstøv skal ha gjort drifta av Raunes Fiskefarm umogeleg.