Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) er positive til forslaget om å skjerpe havbruksregelverket, slik at miljøomsynet vert sterkare.
Like fullt saknar Klif ein nærmare gjennomgang av forholdet mellom havbruksregelverket og forureiningslova.
Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) har presentert ei rekkje forslag til å skjerpe inn havbruksregelverket og intensivere kontrollen av akvakulturnæringa. Målet er å redusere rømming av oppdrettsfisk og spreiinga av lakselus, som er ei av næringa sine største miljøutfordringar.
Klif har no sendt sitt innspel til forslaget om endringar i akvakulturlova til FKD.
– Vi er positive til ei styrking av miljøomsyna i havbruksregelverket. Men vi vil samtidig understreke at ei styrking av miljøperspektivet hos sektorstyresmaktene ikkje innskrenkar myndigheita vår etter forureiningslova, seier direktør for Klif, Ellen Hambro, i ei pressemelding.
Ønskjer omtale av forureiningslova
Forureiningslova er ei av fleire lover som regulerer akvakulturnæringa, og ingen løyve til fiskeoppdrett kan bli gitt utan løyve etter forureiningslova.
– Sjølv om fiskeristyresmaktene no opnar for å stille strengare krav til næringa, har forureiningsstyresmaktene framleis ei plikt til å utøve myndigheit etter vårt regelverk - slik vi også gjer med annan industri, heiter det i meldinga frå Klif.
Klif ønskjer derfor at tilhøvet mellom dei to regelverka blir nærare omtalt i framlegget til Stortinget.
Vil ikkje ha lovpålagt samordning
Klif er einig i Fiskeridepartementet sitt framlegg om betre samordning av tilsyn og reaksjonar overfor næringa.
– Vi meiner likevel at det er lite formålstenleg å gjere samordningsplikta lovpålagt. Slik vi ser det, kan ei lovpålagd plikt bli problematisk dersom gjennomføringa av kontrollar og tilsyn i framtida må avklarast med andre styresmakter, skriv Klif.
– Vi tilrår derfor at samarbeid om tilsyn og sanksjonar blir gjort gjennom avtalar og felles rutinar - slik vi har god erfaring med innanfor andre område, skriv Klif.
Forslaget til endringar i akvakulturlova blir etter planen lagde fram for Stortinget i vårsesjonen 2013.