Omkom ved dykking på oppdrettsanlegg

Ein mann frå Litauen omkom i går ettermiddag ei dykkarulukke ved eit av Marine Harvest sine sjøanlegg i Hyllestad kommune i Ytre Sogn.

Mannen i midten av 20-åra arbeidde i eit team med til saman 2 dykkarar og ein hjelpemann på land då ulykka skjedde ved dykking i ei merd på oppdrettsanlegget, som ligg ved Bøfjorden. Dykkarane bytta på å dykke, slik at det til ei kvar tid var to mann på land.

– Mannen dreiv på med eit dykk då dei på land oppdaga at noko var gale. Dei varsla om hendinga og helsepersonell vart sendt til staden. Det vart prøvd gjenoppliving, utan at det lukkast, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

I fylgje ei oppdatering frå NRK, var det den 24 år gamle Tomas Lekeckas frå Litauen som omkom i ulykka.

Uviss årsak

Det er førebels ukjent kva som var årsaka til ulukka og kor lenge dykkaren var i sjøen før han vart henta opp.

– Men det håpar vi etterforskinga vil belyse. Politi og Arbeidstilsynet er på staden og føretek åstadundersøking og avhøyr av dei som var saman med den avlidne, uttalte Hope til NRK onsdag ettermiddag.

Den omkomne er no send til Gades institutt i Bergen for obduksjon.

Underleverandør

Mannen arbeidde i eit firma som er leigd inn av Marine Harvest.

– Mannen var tilsett hos ein underleverandør hos oss, seier kommunikasjonssjef Anne Øen i Marine Harvest ASA til bt.no.

Saka vert vidare etterforska ved Høyanger lensmannskontor.