Ulik overleving hos avkom frå rømt laks

Nye forskingsresultat syner stor variasjon i overlevinga hos avkom frå rømt laks.

Kva skjer med avkomet frå rømt oppdrettslaks? Klarar dei seg like godt i elva som avkom frå villaks? Nye forskingsresultat viser at det er stor variasjon i overlevinga på dette stadiet, mellom anna er den avhengig av om begge foreldra er oppdrettsfisk og kven av foreldra som eventuelt er villfisk, og av storleiken på egga hos rømt og vill laks, melder Havforskingsinstituttet.

I eit unikt forsøk i Guddalselva i Rosendal (Hardanger) har forskarar frå Havforskingsinstituttet, Universitetet for Miljø og Biovitenskap, Universitetet i Århus og Universitetet i Bergen studert korleis avkom av oppdrettslaks og blanding av oppdrettslaks og villaks (hybridar) klarar seg i naturen samanlikna med avkom etter villaks.

– Som venta hadde avkom av rømt laks totalt sett lågare overleving enn villaksen. Det som overraska oss mest var den store variasjonen i overleving mellom familiar av oppdrettslaks og særleg at nokre av oppdrettsfamiliane hadde svært høg overleving. Totalt sett hadde dessutan hybridane omlag same overleving som villaksen, seier Øystein Skaala som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

– Storleiken på egga er viktig

– Eit særs interessant funn var kva eggstorleiken betyr for overlevinga. Kanskje ikkje så uventa, men at vi kunne vise dette konkret, var nok i overkant av kva vi tenkte i utgangspunktet, seier Skaala.

Sidan eggstorleik varierer mykje både hos oppdrettslaks og villaks, tyder dette på at det vil vere svært vanskeleg å spå utfallet av immigrasjon av rømt laks i eit gitt tilfelle, meiner forskarane.

– Vi såg også at grupper av halvsøsken med oppdrettsmor hadde høgare overleving når egga var befrukta av ein villhann enn når dei var befrukta med ein oppdrettshann, seier Skaala. Og den relative overlevinga hos oppdrettslaksen samanlikna med hybride halvsøskengrupper med vill far, minka med aukande tettleik av fisk i leveområdet, noko som også illustrerer ulik konkurranseevne hos villaks og oppdrettslaks.

– Vi fant òg full overlapp i diettvalet, det fortel oss at i dei fleste vassdrag vil førekomsten av avkom av oppdrettslaks medføra ein reduksjon i produksjonen av vill laksesmolt, seier Skaala.

Unikt feltprosjekt

Eksperimentelle studiar i naturlege miljø er krevjande og difor sjeldan vare. Likevel er slike studiar eit viktig supplement til modellstudiar og laboratorieforsøk, akkurat fordi dyra er observert i sitt naturlege element. Arbeidet i dette prosjektet er gjennomført ved Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i Rosendal.

Det er svært få stader slike feltundersøkingar kan gjennomførast, ein av dei er Guddalselva der fiskefellene sikrar stor kontroll med fiskebestandane og representative uttak av prøvar. I tillegg til forskarar frå Havforskingsinstituttet, har forskarar frå Universitetet for Miljø og Biovitenskap, Universitetet i Århus og Universitetet i Bergen delteke i prosjektet.

– Dette er også første gongen nokon har publisert data på overleving, vekst etc. i naturen på familienivå hos laks. Overlevinga i naturen hos avkom av oppdrettslaks frå smolt til gyting fins det framleis lite data på, og den fasen har vi no initiert nye feltstudiar på, seier Øystein Skaala.

Referanse

Vitskapleg artikkel publisert i desembernummeret av Canadian Journal of Fisheries and Aquatic Sciences: «Performance of farmed, hybrid, and wild Atlantic salmon (Salmo salar) families in a natural river Environment». Forfattarar: Øystein Skaala, Kevin A. Glover, Bjørn T. Barlaup, Terje Svåsand, Francois Besnier, Michael M. Hansen og Reidar Borgstrøm.

Studien omfattar tre årsklassar med til saman 69 familiegrupper av villaks, oppdrettslaks og hybridar, der forskarane har undersøkt både vekst, overleving, smoltalder og diettval hos familiane fram til smoltstadiet i naturen.
https://cdnsciencepub.com/doi/pdf/10.1139/f2012-118

https://doi.org/10.1139/f2012-118