– Vaksinerer til krampen tek dei

Aqualife Services med hovudkontor i Edinburgh i Skottland, har spesialisert seg på vaksinering av oppdrettsfisk.

Selskapet har rundt 50 tilsette som jobbar i team rundt om i Skottland og ikkje minst i Norge, der hovudtyngda av marknaden deira er. Førre veke var teamleiar Jansuchora og fem kollegar i sving på Kvingo i Nordhordland, melder Avisa Nordhordland.

Det er ikkje gjort i ei handvending å vaksinera 2,5 millionar laksesmolt for hand, men karane i Aqualife Services jobbar raskt.

– Dei dyktigaste karane vi har vore borti. Jobbar frå 08.00 til 20.00, med to innlagte pausar på ein time. På ein ti timar lang arbeidsdag har dei på det meste vaksinert 197 000 smolt. Utruleg bra, fortel driftsleiar hos Marine Harvest på Kvingo, Helge Daae, til avisa.

Ved vaksinebordet er seks mann i arbeid med kvar sin vaksinepistol. Dei jobbar fort. Veldig fort. Bordet er ikkje før fylt opp av bedøva fisk, før det er tomt igjen. Slik held dei på time etter time heile året.

Sjølve vaksineringa er fascinerande å vera vitne til. Fleire ledd må samarbeida for at ting skal gå riktig føre seg. Smolten vert i puljar pumpa inn i ein mellomstasjon. Herifrå vert passelege dosar fisk slept vidare ned i vatn med bedøvingsmiddel. Innan eit minutt ligg fisken med buken i vêret, ferda går vidare ned på vaksinebordet. Vaksineringa er unnagjort i ein fart. Fisken vert ført i ei renne som fraktar den tilbake til tankane utanfor.

– Her må det gå fort. Fisken skal ikkje vera på land for lenge. God kommunikasjon via sambandet er viktig som at det vert jobba fort nede ved bordet, fortel Daae, til avisa.