Eksportpris kr 37,93 i veke 13

Røkt laks på brett. Foto: Morpol ASA

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 1,91 kroner frå veke 12 til veke 13 i 2013.

I veke 13 i 2013 var eksportprisen for fersk laks 37,93 kroner per kilo, ein oppgang på 5,3 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 13 enda på 10.986 tonn, ein nedgang på 40,2 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 18.376 tonn. Som for tidlegare år, var eksportkvantumet av laks lågt i påskeveka.

I veke 13 vart det eksportert 357 tonn frosen laks, og prisen var 35,12 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

Fersk laks Frosen laks
År/veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
2013
13 10 986 37,93 357 35,12
12 18 376 36,02 433 38,09
11 15 892 37,70 455 38,33
10 14 576 38,90 359 36,80
9 13 550 38,97 639 32,61
8 13 163 37,03 474 35,22
7 14 332 36,13 382 33,11
6 13 631 34,84 485 33,27
5 13 732 35,27 575 31,88
4 14 010 36,51 838 29,67
3 15 135 34,76 814 30,12
2 15 684 33,35 553 30,22
1 10 364 33,57 204 27,16

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.