Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 1,92 kroner frå veke 13 til veke 14 i 2013.
I veke 14 i 2013 var eksportprisen for fersk laks 39,85 kroner per kilo, ein oppgang på 5,1 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Eksportkvantumet for fersk laks i veke 14 enda på 11.291 tonn, ein oppgang på 2,8 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 10.986 tonn.
I veke 14 vart det eksportert 228 tonn frosen laks, og prisen var 38,83 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.
Fersk laks | Frosen laks | |||
År/veke | Tonn | Kr/kg | Tonn | Kr/kg |
2013 | ||||
14 | 11 291 | 39,85 | 228 | 38,83 |
13 | 10 986 | 37,93 | 357 | 35,12 |
12 | 18 376 | 36,02 | 433 | 38,09 |
11 | 15 892 | 37,70 | 455 | 38,33 |
10 | 14 576 | 38,90 | 359 | 36,80 |
9 | 13 550 | 38,97 | 639 | 32,61 |
8 | 13 163 | 37,03 | 474 | 35,22 |
7 | 14 332 | 36,13 | 382 | 33,11 |
6 | 13 631 | 34,84 | 485 | 33,27 |
5 | 13 732 | 35,27 | 575 | 31,88 |
4 | 14 010 | 36,51 | 838 | 29,67 |
3 | 15 135 | 34,76 | 814 | 30,12 |
2 | 15 684 | 33,35 | 553 | 30,22 |
1 | 10 364 | 33,57 | 204 | 27,16 |
Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2012, 2011, 2010.
Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.