120 000 laks på rømmen etter brann

GULEN: Firda Sjøfarmer AS har mista om lag 120 tusen laks som fylgje av brann.

Etter teljing i brønnbåt, er det klart at det har rømt ca 120 000 laks etter brannen på Firda Sjøfarmer sitt anlegg i Gulen kommune. Det melder Fiskeridirektoratet. Laksen har ei snittvekt på 0,5 kilo.

Røminga skuldast brann på oppdrettsanlegget 2. april 2014, der deler av ein flytekrage tok fyr og slik at festa for nóta vart svidd av i brannområdet. Årsaka til brannen er framleis ikkje klarlagd.

Fiskeridirektoratet ser det som svært viktig at ein kan finne ut kva som var årsaka til at flytekragen tok fyr, slik at dette kan førebyggast på andre lokalitetar i landet.

Gjenfangst

Etter at røminga vart oppdaga, har Firda Sjøfarmer sett i gang eit omfattande fiske for gjenfangst av rømd fisk.

I samråd med fylkesmannen utvida Fiskeridirektoratet onsdag området for gjenfangst, frå dei pliktige 500 metrane frå anlegget til 1500 meter. Etter initiativ frå selskapet er dette i dag utvida til 5000 meter.

Fisken er opplyst å vere frisk og er ikkje gitt medisin, og er såleis ufarleg å ete.