Omfang og årsaker til tap av laks og regnbogeaure i matfiskanlegg er no kartlagt i eit landsomfattande prosjekt hjå Mattilsynet.
Funna er publisert i ein rapport og syner store skilnader mellom oppdrettsanlegg, og mellom ulike delar av landet. Prosjektrapporten påpeikar mogelegheiter for stor framgang for anlegg med høge tap, melder Mattilsynet.
Prosjektet vart finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) og omfatta laks og regnbogeaure som var sett ut hausten 2010, samt våren og hausten 2011. Sjølv om det var frivillig å ta del, vart nær 80 prosent av alle dei aktuelle anlegga representert. Resultata syner eit registrert svinn på 16.3 prosent for laks og 18,3 prosent for regnbogeaure om ein ser alle dei nemnde generasjonane under eit. Det var markerte skilnader i årsaker til tap mellom fiskegrupper, lokalitetar og ulike geografiske plasseringar. Det vart registrert lågast svinn i Nordland og høgast i Finnmark.
Det var få spesifikke svinnårsaker som dominerte, men ved å gruppere svinnårsakene i fem ulike kategoriar, kunne ein få eit viktig overblikk. Registrert tap vart delt i fem kategoriar: settefiskrelatert svinn, infeksjonar, mekanisk skade, miljøpåverknad og diverse. Prosjektet syner at smoltrelaterte problem, framleis var ein viktig årsakskategori for svinn i sjøfasen i desse generasjonane.
Det er også verd å merke seg at ein mindre del av fiskegruppene synte seg å dra gjennomsnittssvinnet mykje opp. Dersom den femtedelen av gruppene med størst svinn vart teke ut frå talmaterialet, ville det samla registrerte svinnet på landsbasis anslagsvis vorte redusert med 5,3 prosentpoeng.
Prosjektet representerer eit svært omfattande datamateriale, som også gjev havbruksnæringa eit godt grunnlag til å vurdera kva for tiltak som bør setjast inn for å redusera svinn. For Mattilsynet vil resultata frå prosjektet inngå i arbeidet med å prioritera tilsynsaktivitetar og vurdera trong for endra regelverk. Prosjektet gjev også nyttige innspel til forskargrupper som vurderer kva for forsking som det er viktig å prioritere, opplyser Mattilsynet.
Prosjektleiar har vore veterinær Hogne Bleie.