Undersøker årsaker til rømming etter «Nina»

Del saken

Uværet «Nina» som trefte vestlandskysten 10. januar førte til seks rømmingar i Hordaland.

Oppsummering viser to havarerte oppdrettsanlegg og ytterlegare fire anlegg med hol i nøtene. Minst 120 000 fisk har rømt, melder Fiskeridirektoratet, som no er i full gang med å kartlegge årsakene til desse seks rømmingshendingane.

- Slik kan vi førebyggje liknande hendingar i framtida. Oppdrettsanlegga skal tåle naturkreftene som verkar langs kysten vår, og når eit uvær får slike konsekvensar må vi gjere alt vi kan for å trekkje lærdom av det, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

120 000 fisk

Alt 11. januar var det klart at uværet hadde ført til fleire alvorlege hendingar. I Fensfjorden hadde eit anlegg mista fortøyingane og drive langt innover fjorden. Resultatet er 40.000 - 50.000 triploid (steril) laks på rømmen.

I Sørfjorden ved Osterøy hadde eit anna anlegg fått store skader, og det synte seg etter kvart at 63.000 regnbogeaure hadde rømt. Fiskeridirektoratet har etter kvart som selskapa i Nordhordland og Hardanger har gjennomført undersøkingar av anlegga etter stormen, fått ytterlegare fire meldingar om anlegg med hol i nøtene. Slik at det totalt er meldt om rømming frå seks anlegg etter uværet. Ei av desse hendingane medførte 11.000 rømt laks.

- Vi ventar framleis på å få dokumentert omfanget av dei tre andre hendingane, men det er alt snakk om så mykje som 120.000 rømte fisk totalt. Dette er ein dyster start på året, seier Holmefjord.

Om lag 110.000 av den rømte fisken er enten steril laks eller regnbogeaure og utgjer såleis ikkje ein fare for genetisk internaksjon med villaksen.

Pålegg om kartlegging og utfisking

Men Fiskeridirektoratet er likevel svært bekymra for at den rømte regnbogeauren utgjer ein risiko for ville bestandar av laks og sjøaure i området rundt Osterøy.

Regnbogeauren er ein framand art i Noreg. Den gyt om våren, og det er dokumentert at individ som søkjer opp i vassdrag kan gjere skade på gytegropene til laks og sjøaure. Mykje tyder på at ein betydeleg del av den rømte fisken er kjønnsmoden. Fiskeridirektoratet har difor utvida Sjøtroll Havbruk AS si plikt til å fange rømt regnbogeaure til heile fjordsystemet rundt Osterøy. Vi har og pålagt selskapet å kartlegge rømt regnbogeaure i vassdraga i dette fjordsystemet og sørgje for at kvalifisert personell tek ut slik fisk der det er aktuelt, opplyser Fiskeridirektoratet.

- Frivillige har gjort ein formidabel innsats for å få fiska ut så mykje som mogeleg av den rømte fisken, og vi er glad for at næringa no har fått på plass ei mottaksordning som ser ut til å fungere. Samstundes er det nødvendig med meir målretta tiltak for å motverke at denne hendinga får uakseptable miljøkonsekvensar. Desse tiltaka må selskapet stå for, framhevar Holmefjord.

Sjølv om arbeidet med å kartleggje årsakene til hendingane ikkje er ferdig, ser Fiskeridirektoratet alt no fleire tema som ein må ha ei meir langsiktig oppfølging av.

- Vi må sjå om kartlegginga av miljølastene på lokalitetane er god nok, sikre oss at anlegga er tilstrekkeleg dimensjonert og at utstyret tåler det det er sertifisert for. Vidare må vi ha ein gjennomgang av kva beredskap næringa og Fiskeridirektoratet må ha i framtida for å handtere slike hendingar på ein god nok måte, seier Holmefjord.

Nedanfor følgjer ei oversikt over rømmingsmeldingar etter uværet «Nina».

Lokalitet, kommune Meldt rømming
Ospeneset, Lindås 40 000-50 000 laks
Angelskår, Osterøy 63 000 regnbogeaure 
Leirvika, Masfjorden 11 000 laks
Hågardsneset, Kvinnherad  Ukjent
Brandaskuta, Kvinnherad Ukjent
Otterholmen, Radøy Ukjent

Kjelde: Fiskeridirektoratet