Eksportprisen for fersk laks gjekk ned med 0,28 kroner frå veke 15 til veke 16 i 2017.
I veke 16 i 2017 var eksportprisen for fersk laks 64,85 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 0,4 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Eksportkvantumet for fersk laks i veke 16 enda på 14.381 tonn, tilsvarande ein auke på 24,9 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 11.516 tonn. Som for tidlegare år, var eksportkvantumet lågt i påskeveka.
I veke 16 vart det eksportert 291 tonn frosen laks, og prisen var 62,66 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.
År 2017 | Fersk laks | Frosen laks | ||
Veke | Tonn | Kr/kg | Tonn | Kr/kg |
16 | 14 381 | 64,85 | 291 | 62,66 |
15 | 11 516 | 65,13 | 331 | 62,74 |
14 | 18 658 | 62,82 | 396 | 66,12 |
13 | 17 821 | 62,70 | 693 | 66,79 |
12 | 16 351 | 63,76 | 735 | 67,89 |
11 | 15 294 | 61,98 | 629 | 65,39 |
10 | 15 606 | 58,36 | 387 | 66,87 |
9 | 15 774 | 59,55 | 649 | 69,88 |
8 | 15 311 | 63,20 | 521 | 71,74 |
7 | 14 775 | 64,08 | 458 | 70,07 |
6 | 14 901 | 64,96 | 584 | 72,02 |
5 | 14 426 | 66,01 | 272 | 72,33 |
4 | 14 137 | 70,35 | 334 | 70,79 |
3 | 14 219 | 72,50 | 360 | 71,98 |
2 | 13 217 | 72,42 | 263 | 63,01 |
1 | 11 950 | 75,25 | 286 | 70,72 |
Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.
Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.