Eksportpris kr 53,89 i veke 46

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 2,64 kroner frå veke 45 til veke 46 i 2017.

I veke 46 i 2017 var eksportprisen for fersk laks 53,89 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 5,2 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 46 enda på 19.542 tonn, tilsvarande ein auke på 2,2 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 19.123 tonn.

I veke 46 vart det eksportert 541 tonn frosen laks, og prisen var 53,13 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2017 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
46 19 542 53,89 541 53,13
45 19 123 51,25 545 58,11
44 19 574 49,05 527 59,77
43 20 343 53,17 506 61,92
42 18 824 55,32 511 59,82
41 18 213 54,52 569 59,71
40 18 964 56,61 472 59,77
39 19 317 57,21 584 59,18
38 18 876 55,30 553 59,15
37 19 307 53,85 285 59,66
36 18 273 55,56 374 58,39
35 18 043 54,89 366 61,28
34 16 988 56,80 435 62,85
33 17 023 55,63 239 63,01
32 17 373 59,53 195 62,61
31 16 311 60,55 302 61,75
30 15 251 62,11 190 62,37
29 14 428 65,12 225 68,12
28 14 234 63,22 397 64,89
27 15 795 65,71 182 70,25
26 14 485 69,36 445 66,97
25 13 724 68,96 434 68,79
24 13 680 67,87 345 69,42
23 12 787 69,91 230 69,97
22 14 551 66,02 436 64,48
21 13 773 72,17 437 66,51
20 13 034 72,47 485 70,58
19 14 305 70,18 534 61,55
18 12 105 65,79 364 65,72
17 13 791 62,17 196 69,50
16 14 381 64,85 291 62,66
15 11 516 65,13 331 62,74
14 18 658 62,82 396 66,12
13 17 821 62,70 693 66,79
12 16 351 63,76 735 67,89
11 15 294 61,98 629 65,39
10 15 606 58,36 387 66,87
9 15 774 59,55 649 69,88
8 15 311 63,20 521 71,74
7 14 775 64,08 458 70,07
6 14 901 64,96 584 72,02
5 14 426 66,01 272 72,33
4 14 137 70,35 334 70,79
3 14 219 72,50 360 71,98
2 13 217 72,42 263 63,01
1 11 950 75,25 286 70,72

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.