Eksportpris kr 62,88 i veke 3

Del saken

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned 1,02 kroner frå veke 2 til 3 i 2019.

I veke 3 2019 var eksportprisen for fersk laks 62,88 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 1,6 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 3 enda på 15.367 tonn, tilsvarande ein reduksjon på 9,4 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 16.968 tonn.

I veke 3 vart det eksportert 191 tonn frosen laks, og prisen var 56,95 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Eksport av laks, kvantum og pris:
År 2019 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
3 15 367 62,88 191 56,95
2 16 968 63,90 281 59,72
1 12 098 66,66 95 66,29

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 201820172016201520142013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.