Eksportpris kr 61,06 i veke 27

Palletering av kasser med fersk laks. Illustrasjonsfoto: Marius Fiskum / Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 0,94 kroner frå veke 26 til veke 27 i 2019.

I veke 27 i 2019 var eksportprisen for fersk laks 61,06 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 1,6 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 27 enda på 15.805 tonn, tilsvarande ein reduksjon på 9,7 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 17.510 tonn.

I veke 27 vart det eksportert 288 tonn frosen laks, og prisen var 65,79 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2019 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
27 15 805 61,06 288 65,79
26 17 510 60,12 258 67,51
25 17 756 64,09 268 60,56
24 15 627 69,90 335 63,21
23 15 457 61,85 403 65,82
22 17 473 58,52 430 63,92
21 18 992 61,33 302 63,02
20 16 127 65,48 298 64,99
19 16 315 61,94 240 61,15
18 16 133 62,85 125 57,53
17 16 037 69,53 255 62,63
16 12 499 71,45 174 65,98
15 19 916 67,33 329 62,36
14 17 409 68,21 202 64,93
13 17 460 65,13 210 60,93
12 16 569 67,78 291 61,44
11 14 472 71,55 375 63,08
10 14 387 72,45 636 57,43
9 15 192 65,65 353 58,95
8 17 103 60,00 315 63,51
7 17 634 56,82 284 62,63
6 17 688 56,73 250 63,17
5 16 333 57,41 315 56,43
4 17 427 60,83 236 56,85
3 15 367 62,88 191 56,95
2 16 968 63,90 281 59,72
1 12 098 66,66 95 66,29

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.