Rømming av 10.000 laks frå slakteri i Gulen

Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet mottok måndag 16. september 2019 melding om rømming av oppdrettslaks frå Slakteriet Brekke AS i Sogn og Fjordane.

– Rømminga skjedde frå slaktelokaliteten Instefjord i Risnefjorden i Gulen kommune. Det er grunn til å tru at det dreier seg om rundt 10 000 oppdrettslaks, opplyser Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Fisken som rømde, har ei snittvekt på i underkant av 4 kilo. Selskapet har sett ut garn for gjenfangst av laksen, og har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide aktiviteten med gjenfangst ut til området Ortneset - Apestoda.

Fiskeridirektoratet vil gjennomføre rømmingstilsyn hjå selskapet, opplyser direktoratet.

Stort hòl i nota

I ei oppdatering frå Fiskeridirektatoratet 19.09.2019, vert det opplyst at det er funne eit stor hòl i nota.

– Fiskeridirektoratet har gjennomført rømmingstilsyn hjå selskapet , som viser at det er eit stort hòl på 3x2 meter i nota. Hòlet skal vere forårsaka av propellbruk i samband med båtanløp, opplyser direktoratet i oppdateringa.

Ønskjer tips

Fiskeridirektoratet ønskjer tips frå publikum om fangst av oppdrettslaks i området. Slike tips kan ein melde til FMC – Fiskeridirektoratet sin døgnopne vaktsentral.

Direktoratet presiserar at gjeldande fiskereglar må følgjast.

Mottak av fisk

Slakteriet Brekke AS vil ta imot gjenfanga fisk frå private som ønskjer å levere.

Les også: Det rømde 17.200 laks i Gulen 20.09.2019