Vil styrkje overvakinga av algeoppblomstringar

Statsbudsjettet: Regjeringa foreslår å styrkje overvakinga langs kysten med 10 millionar kroner. Formålet er å styrke overvakinga av hav- og kystøkologien særleg med tanke på algeoppblomstringar i fjordane.

Algeoppblomstringa i Nord-Noreg i vår ramma oppdrettsnæringa og lokalsamfunna hardt, og store verdiar gjekk tapt.

– For å vere i stand til å utnytte dei store moglegheitene for verdiskaping som ligg i hav- og kystområda våre treng vi meir kunnskap. Vi må ha betre beredskap slik at vi kan hjelpe næringa med informasjon, om til dømes algeoppblomstring, på eit tidleg tidspunkt, seier fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (FrP) i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår å styrkje Havforskingsinstituttet sitt budsjett med 10 millionar kronar. Pengane skal brukast til å samle inn meir data frå kysten og fjordane.