Finio AS og Sulefisk AS går inn på eigarsida i den felles forskings- og utviklingsavdelinga Akvahub AS i Leirvik i Sogn.
Utvidinga medfører at dei andre eigarane i Akvahub, med på laget får eit servicesenter i vekst, og ein innovativ fiskeoppdrettar. Det framkjem av ei pressemelding frå Akvahub AS.
Finio AS har verksemd på Sørbøvåg i Hyllestad, der dei tilbyr slipp for utrusting, vedlikehald og service på båtar, samt på flåtar for oppdrettsnæringa. I 2018 hadde selskapet 7,1 millionar kroner i omsetnad, med då 3 tilsette. I år har dei auka bemanninga, og er no i dialog med nye samarbeidspartnarar, som kan vere på veg inn i verksemda.
– I Akvahub sitt nettverk finn vi no ei samling av bedrifter med stor breidde og høg kompetanse innan havbruk. Vi er inne i ein fase med sterk vekst og då ser vi store fordelar ved å vere tilknytt ei slik kompetansegruppe. Vi ynskjer å bruke Akvahub sin kompetanse og nettverk inn i komande utviklingsprosjekt her hos oss, seier Fred Åge Hyllestad, dagleg leiar i Finio AS.
Sulefisk AS driv oppdrett av matfisk i Solund, og har 13 tilsette. I 2018 hadde selskapet 197,1 millionar kroner i omsetnad. Akvahub opplyser at Sulefisk, i tillegg til å vere pioner innan bruk av lukka oppdrettsmerd i sjø, var først ut med bruk av luselaser, og at selskapet stadig har fleire nyvinningar under testing i anlegga sine.
– Sulefisk ynskjer å vere ei innovativ og uredd verksemd, med framtidsretta fokus på forsking og utvikling i havbruksnæringa. Gjennom Akvahub ser vi utvida moglegheiter til vidare arbeid knytt til fleire av våre utviklingsprosjekt. Sulefisk ser fram til eit godt og målretta samarbeid med Akvahub og nettverket det representerer, seier Michael Niesar, dagleg leiar i Sulefisk AS.
– To svært spennande verksemder
Akvahub har ein visjon om å vere ei drivande kraft for ei felles, berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Selskapet tilbyr eigarane kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon. Ei felles FoU-avdeling, er ein ressurseffektiv måte å mogleggjere innovasjon i små og mellomstore bedrifter, vert det framhalde frå selskapet.
– Det er med stor glede at vi no får høve å bidra til å vidareutvikle to svært spennande verksemder i Finio og Sulefisk. Begge verksemdene har definert tydelege område som Akvahub kan hjelpe dei i å utvikle, og dei kjem inn med kompetanse og moglegheiter som eg veit fleire av eigarane har etterspurt i det siste. Med eit veksande, ungt verft og ein innovativ oppdrettar på laget, vert dei neste åra svært interessante, seier Asbjørn Dyrkorn Løland, dagleg leiar i Akvahub AS.
Meir om Akvahub AS
- Ei felles FoU-avdeling for verksemder med tilknyting til havbruksnæringa
- Stifta i 2016 og har i dag 9 eigarar: Multivolt AS, Yatek AS, Bulandet Miljøfisk AS, Aqua Development AS, Seaweed AS, Skylesteinen AS, Aducate AS, Finio AS og Sulefisk AS
- Hovudkontor i Leirvik i Ytre Sogn og avdelingskontor på Marineholmen i Bergen
- Er eigarane sitt felles møtepunkt for utvikling og innovasjon