Fiskeridirektoratet har motteke melding om rømming av laks frå lokalitet Bergadalen i Kvam herad i Hordaland.
Fiskeridirektoratet fekk fredag melding frå Lingalaks AS om rømming frå deira lokalitet Bergadalen i Kvam herad. Ifølgje selskapet vart det fredag oppdaga ei flenge i nota under ROV-inspeksjon.
– Rømmingsomfanget er ikkje klarlagt, men oppdrettslaksen i anlegget har ei snittvekt på 3-4 kg. Selskapet har ute gjenfangstgarn, og har i løpet av helga gjenfanga 7 laksar. Fiskeridirektoratet har òg fått inn tips frå andre om fangst av rømt oppdrettslaks i denne storleiken i området, opplyser Fiskeridirektoratet i ei melding.
Fiskeridirektoratet ynskjer fleire tips
For å få eit bilete av omfang og spreiing, ynskjer Fiskeridirektoratet fleire tips frå publikum om fangst av rømd fisk i området.
Tips kan meldast inn til FMC – Fiskeridirektoratet si døgnopne vaktsentral.
Fiskeridirektoratet understrekar at gjeldande regelverk for fiske må fylgjast.