Aure kommune rår frå at kveiteoppdretter ED Akva AS får godkjenning for oppdrett av kveite på lokaliteten Russholmen i Aursundet.
Kommunen ber søkar vurdere andre områder for lokalisering av anlegget, der risikoen for brukarkonflikt er mindre. Hovudutvalet for kommuneutvikling vedtok samrøystes rådmannen si innstilling, skriv avisa Søvesten.
Vedtaket og merknaden vert no sendt tilbake til Fiskeridirektoratet. Det var i sommar at ED Akva AS søkte om klarering av lokalitet Russeholmen i Aure kommune.
ED Akva AS skreiv i sin søknaden at dei treng ein ny lokalitet på grunn av økt produksjon, og for at det skal vere mogeleg med brakklegging av lokalitetar. I dag har dei berre ein godkjent lokalitet. Eit anna argument var at sprenging og flytting av stein i samband med bygging av ny vei, medføre nedsett vasskvalitet på noverande lokalitet. Årleg planlagd produksjon er 200 tonn kveite.
Det kom inn ein merknad då saka låg ute til offentleg høyring, frå Bergfall Fjord-Paradies som er i gang med opparbeiding av eit turistsenter.
– Vi mener det vil være en katastrofe å anlegge et forurensende oppdrettsanlegg med ferdselrestriksjoner og fiskeforbud, lokalisert så nært vårt turistanlegg som det Ed Akva AS her søker om, skreiv Bergfall Fjord-Paradies i sin protest.
– Anlegget slik det er omsøkt vil hindre og nesten umuliggjøre ordinær småbåttrafikk slik den er i dag inn og ut Aursundet. Våre planer om en seilerskole for barn og voksne, vil også bli umulig. Et annet moment er blinkende markeringslys som i dag utstyres på alle oppdrettsanlegg. Disse vil frarøve oss den villmarksidyllen vi har basert våre økologiske turisme og reiselivsplaner på, skriv turistsenteret vidare i sin protest.
Les også: – Kunnskap skal forene havbruk og turisme 26.08.2009
Motstridande argumentasjon?
I fylgje avisa, så planlegg Bergfall Fjord-Paradies både marina, gjestehamn, badestrand, 32 hytter, fleire restaurantar, fem nye bustadhus, spa og "welness-senter", samt anlegg for reinsing av sjøvatn til bruk som drikkevatn.
Med ei slik omfattande utbygging for turistsenteret, så kan ein gjerne reise spørsmål ved kor mykje som blir igjen av villmarksidyllen, med eller utan eit oppdrettsanlegg i området.