God laksesesong i Sogn og Fjordane

Det har til no vore ein relativt god laksesesong i Sogn og Fjordane, dette med unntak for nokre vassdrag.

Det opplyser Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i ein førebels rapport om laksefisket i Sogn og Fjordane 2009.

Låg vassføring og høg temperatur har i einskilde periodar gitt lite fangst av fisk i nokre vassdrag, men fangsten har betra seg med høgare vassføring i dei fleste tilfella. Det blir også meldt om god fordeling mellom dei ulike storleiksgruppene på laks i dei fleste vassdraga. Inntrykket så langt har vore at det er eit betre sjøaurefiske i år om ein samanliknar med fjoråret.

Innsiget av laks var tidleg i år, og det kom inn ein del storlaks tidleg i sesongen. Fleire har meldt om heller seint innsig av smålaks. Dette støttast av overvakingsfiske i sjø og gode elvefangstar av stor laks tidleg i sesongen.

Det blir i år også samla inn skjelprøver frå laksefisket for å kartleggje innslaget av rømd fisk. Førebels er det for tidlig å få noko eintydig inntrykk. Einskilde vassdrag i Sogn og Fjordane har meldt om framleis høgt innslag av rømd fisk i fangsten.

Denne meldinga er basert på innkomne opplysningar frå ulike lag og organisasjonar. Ei grundigare vurdering vil bli gjort når statistikken for fangst av laks ligg føre for 2009, opplyser Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.