Varsel om redusert produksjon for to anlegg i Trøndelag

Illustrasjonsfoto: Mattilsynet

Mattilsynet har sendt ut varsel til to fiskeoppdrettsanlegg i Flatanger og Leka i Trøndelag, om at Mattilsynet vurderer å vedta mellombels redusert produksjon for anlegga.

Dette på bakgrunn av langvarige overskridingar av grensene for lakselus i oppdrettsanlegga. Det kjem fram av ei melding frå Mattilsynet.

Varsla gjeld desse anlegga:

  • 12624 Feøyvika (Mowi Norway AS)
  • 30537 Steinflesa (Mowi Norway AS)


Mattilsynet opplyser vidare at selskapet har uttalerett før det eventuelt vert fatta vedtak.

Varsel til fire oppdrettsanlegg i Flatanger

Mattilsynet har til no i år sendt ut varsel om mellombels redusert produksjon for til saman fire fiskeoppdrettsanlegg i Flatanger kommune. I midten av februar fekk eit anna anlegg i Flatanger varsel om redusert produksjon, som eitt av tre anlegg langs kysten.

Les også: Tre anlegg har fått varsel om redusert produksjon

Og i midten av mars månad, vart ytterlegare to anlegg i Flatanger varsla om at Mattilsynet kan vedta mellombels redusert produksjon.

Les også: To nye anlegg i Flatanger er varsla om redusert produksjon

Om mellombels redusert produksjon

Mattilsynet kan sette krav om at oppdrettarar som har hatt langvarige eller alvorlege lakselusproblem, mellombels skal redusere produksjon. Perioden med redusert produksjon, vil minimum gjelde for to år, og dekker den neste produksjonssyklusen på lokaliteten.

Målet med verkemiddelet, er å få oppdrettarane til å tilpasse drifta til smittepress, førebyggjande tiltak og kapasitet for behandling og slakting.

Oppdrettarar som får midlertidig redusert produksjon, kan auke den igjen når dei har synt at dei har kontroll og klarer å halde seg under lakselusgrensa.