Settefiskanlegg får løyve til uttak av vatn i Hyllestad

Lakseyngel. Illustrasjonsfoto:  Marius Fiskum / Norwegian Seafood Council

NVE gjev Salbu Produksjon AS løyve til regulering av Ramsgrøvatnet og uttak av vatn frå Salbuelva i Hyllestad kommune i Vestland. Vatnet skal nyttast til produksjon av settefisk.

Det skriv NVE i ei pressemelding.

Salbu Produksjon AS skal bygge eit nytt settefiskanlegg ved Salbu. Ved hjelp av resirkuleringsteknologi skal dei produsere inntil 1200 tonn/4,5 millionar laks.

Det er gjeve løyve til å ta ut inntil 167 l/s (10 m3/min) frå Kviadammen på kote 15 i Salbuelva. Ramsgrøvatnet kan regulerast mellom kote 143,3 (LRV) og kote 145,0 (HRV). Vatnet skal sleppast frå Ramsgrøvatnet via Salbuelva til inntaksdam ved Kvia.

NVE har sett krav om minstevassføring heile året, av omsyn til mellom anna sjøaure og ål. Det skal sleppast ei minstevassføring på 55 l/s frå Ramsgrøvatnet og 100 l/s frå inntaksdam ved Kvia. Det er også sett som krav at sjøaure og ål skal kunne passere inntaksdammen ved Kvia.