Eksportpris kr 52,68 i veke 29

Levering av laks til brønnbåt. Foto: Marius Fiskum / Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned med 6,01 kroner frå veke 28 til veke 29 i 2020.

I veke 29 i 2020 var eksportprisen for fersk laks 52,68 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 10,2 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 29 enda på 17.391 tonn, tilsvarande ein reduksjon på 3,9 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 18.090 tonn.

I veke 29 vart det eksportert 160 tonn frosen laks, og prisen var 64,54 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2020 Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
29 17 391 52,68 160 64,54
28 18 090 58,69 117 52,54
27 16 147 59,81 227 63,69
26 15 888 59,01 213 61,46
25 16 081 61,92 250 63,49
24 17 174 69,94 428 58,79
23 13 442 69,23 359 59,44
22 16 342 64,28 344 58,56
21 15 427 65,46 261 52,53
20 16 824 59,17 238 58,67
19 15 927 54,66 233 57,00
18 15 212 55,85 325 59,13
17 16 029 56,46 155 61,28
16 15 119 56,11 141 55,64
15 11 992 59,34 135 65,49
14 16 955 60,04 266 64,18
13 15 676 58,95 137 53,30
12 15 332 61,29 157 56,66
11 18 009 66,17 258 59,99
10 14 891 67,74 228 62,21
9 16 153 72,80 420 60,35
8 15 504 68,42 447 61,90
7 17 375 64,49 334 67,47
6 15 452 65,56 269 57,41
5 16 259 70,25 396 52,85
4 16 034 75,53 273 60,71
3 17 512 76,38 373 57,15
2 16 141 77,63 474 58,03
1 11 249 78,20 81 54,68

 

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2019201820172016201520142013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.