Rømt oppdrettslaks i Tingvollfjorden og Tosenfjorden

Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet følgjer opp vassdrag i Tingvollfjorden på Møre og i Tosenfjorden og Velfjorden i Nordland, etter å ha motteke fleire rapportar om fangst av stor rømt oppdrettslaks.

Det melder Fiskeridirektoratet fredag.

Tingvollfjorden

Fiskarar meldte i sommar om fangst av rundt 350 rømte oppdrettslaks i kilenøter i Tingvollfjorden. Fisken var i storleiken 4-6 kilo.

Fiskeridirektoratet vil no setje i verk tiltak i tre vassdrag i fjorden, slik at så mykje rømt fisk som mogleg kan fjernast.

Det vil også bli utført DNA-analyser for sporing av kjelde i denne saka.

Tosenfjorden og Velfjorden

Fiskeridirektoratet har også her motteke tips om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks. Fisken er i storleiken 6 - 8 kilo. Fangstane er tekne i Storelva i Tosbotn, Åelva/Åbjøra og Lomsdalelva.

Også her vil Fiskeridirektoratet setje i verk tiltak i fleire vassdrag.

Fiskeridirektoratet vurderer at førekomstane kan ha samanheng med ei større rømming ved Sinkaberg-Hansen sin lokalitet Oksbåsen i fjor sommar.

Nyttige tips til Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet rettar ein takk til alle som så langt har meldt inn tips, som har gjort direktoratet i stand til å setje i verk tiltak.

Direktoratet ber publikum om å fortsetje med å melde frå om fangst av rømt fisk. Alle tips kan meldast til FMC – Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral.

Fiskeridirektoratet understrekar at gjeldande regelverk for fiske må følgjast.