– Kan produsere 250.000 kveiteyngel i år

Etter mange år med høg dødsprosent for kveiteyngel, har nye produksjonsrutinar resultert i at langt fleire kveiteyngel overlever hos Aga Marin AS på Bømlo.

Aga Marin AS, som i 2003 kjøpte kveiteyngelanlegget til Stolt Sea Farm på Bømlo, har kapasitet til å produsere 500.000 yngel av kveite pr. år, men har slite med at så mykje som 70-80 prosent av yngelen dauda. Men no ser det langt lysare ut i fylgje selskapet.

– I løpet av det siste året har me endeleg «knekt koden» for å auka overlevingsprosenten. I dei tre siste klekkerundane, har yngelen overlevd i alle kar. No ligg det faktisk an til at me kan nå ein yngelproduksjon på 250.000 yngel i år, seier Jan-Ove Morlandstø, nytilsett dagleg leiar for Aga Halibut-konsernet, til Bømlo-Nytt.

Grunnen til at mykje meir av yngelen overlever, er at verksemda har endra produksjonsrutinane. Dette har gjeve gode resultat, seier Morlandstø.

Av slaktefisk har selskapet lite å levere i 2009, men håpar på ein auke til neste år.

– I 2010 satsar me på å slakta 500 tonn, seier Morlandstø til avisa.

Les også: Kveiteoppdretter tapte 58 mill. 02.09.2009

Treng meir kapital

I fjor var det nesten kroken på døra for Aga Marin AS sin kveiteyngelproduksjon, før selskapet fekk til betre overleving for yngelen. No går banken inn med ytterlegare 7,5 millionar kroner i frisk kapital som tilført kassakreditt, og eigarane har mellom anna konvertert omlag 25 millionar kroner i gjeld til aksjar, opplyser Morlandstø.

Aga Marin AS har, i fylgje avisa, også fått med seg fleire investorar, men treng meir frisk kapital, og ynskjer no å få med seg det statlege investeringsselskapet Investinor på eigarsida.

– Me sendte e-post til dei nyleg, men hittil har me ikkje lukkast å få noko svar der i frå, seier Jan-Ove Morlandstø, dagleg leiar i Aga Halibut-konsernet som Aga Marin er ein del av.

Sist veke var Øyvind Halleraker, som er stortingspolitikar for Høgre, på omvising og i møte med verksemda, saman med ordførar Inge Reidar Kallevåg (H), og eit par andre representantar frå lokalpolitikk og eigarinteresser.

Selskapet set no sin lit til at Øyvind Halleraker (H) vil tale varmt om dei på Stortinget, då dei ynskjer meir støtte til å byggja opp kveiteyngel og kveiteproduksjonen i tida framover.

– Kveite er ein spennande oppdrettsart med eit stort potensiale. Men han treng nok fleire marknadsføringstiltak. Kveiteproduksjon er ei kystnæring som ein kan byggja opp og såleis få fleire nye arbeidsplassar. No får eg berre sjå kva meir eg kan gjera vidare med saka, seier Øyvind Halleraker til avisa.

– Me ynskjer å produsera meir biomasse i tida framover. Men då er me òg avhengige av ein marknad som kan ta i mot meir, seier Morlandstø, som meiner at dei difor også må jobbe opp mot Eksportutvalget for fisk.

Eigarane har trass i mange og harde år, behalde optimismen og trua på framtida, skriv avisa.