Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Mowi ASA i Hardanger.
Selskapet meldte inn hendinga 4. oktober. Det var då oppdaga ei større flenge i ei av nøtene på lokaliteten Svåsandneset i Ullensvang kommune.
Fisken i den aktuelle nota er oppdrettslaks med ei snittvekt på 3,7 kilo.
– Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt, skriv Fiskeridirektoratet i ei melding.
Ønskjer tips
For å få eit bilde av omfang og spreiing, ønskjer Fiskeridirektoratet tips frå publikum om fangst av rømt fisk i området. Direktoratet ønskjer også bilde av eventuelle fangstar.
Tips kan meldast inn til FMC – Fiskeridirektoratet sin døgnopne vaktsentral.
Fiskeridirektoratet presiserar at gjeldande regelverk for fiske må følgjast. Det er ikkje opna for fiske for ålmenta.