Lakserømming ved Smøla i Møre og Romsdal

Illustrasjonsfoto: Erik Roed / Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Salmar Farming AS ved Smøla i Møre og Romsdal.

Salmar Farming meldte 23. november om ei rømmingshending på lokaliteten Solværet i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Det var oppdaga eit relativt stort hol i ei av nøtene etter uvêr.

– Selskapet har denne veka ferdigstilt oppteljinga etter hendinga og konkluderer med at om lag 11 500 oppdrettslaks har rømt. Salmar har så langt gjenfanga 53 oppdrettslaks. Fisken som har rømt har ei snittvekt på 2,3 kilo, opplyser Fiskeridirektoratet i ei melding.

Fiskeridirektoratet har følgt opp med tilsyn hjå selskapet.

For å få eit bilete av omfang og korleis fisken spreier seg, ønskjer Fiskeridirektoratet at publikum melder inn tips om fangst av rømt fisk i området. Tips kan meldast inn til FMC – Fiskeridirektoratet sin døgnopne vaktsentral.