Stans i laksefisket i Tanavassdraget i 2021

Tanaelva. Foto Sturla Brørs / Miljødirektoratet

Noreg og Finland har blitt samde om å ikkje opne for noko laksefiske i Tanavassdraget den kommande fiskesesongen. Stansen gjeld alle reiskapar og alle delar av vassdraget.

– Den siste statusrapporten for laksebestandane i Tanavassdraget, viste at fleire av dei største bestandane ikkje lengre har noko haustbart overskot. Oppgangen av laks i vassdraget har gått jamt nedover dei siste åra. Når det ikkje er eit haustbart overskot i vassdraget, er naturmangfaldlova tydeleg på at det ikkje kan bli opna for fiske på desse bestandane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

Stansen i laksefisket i 2021 skjer i tråd med artikkel 16 i Tanaavtalen, der partane har ei plikt til å avgrense eller stanse fisket dersom tilhøva i vassdraget, slik som kritisk svikt i oppgangen av laks, tilseier det.

Lokal støtte for stans

Noreg og Finland vil fatte nasjonale vedtak om å stanse fisket på sine respektive delar av vassdraget. På bakgrunn av desse vedtaka, nedfeller partane stansen i fisket i ein særskild protokoll til Tanaavtalen. Lokale rettshavarar på begge sider av vassdraget har vore involverte i diskusjonane. På norsk side har stansen i laksefisket støtte frå dei lokale representantane.

Når det ikkje blir opna for laksefiske i Tanavassdraget, inneber dette at ingen grupper av fiskarar kan fiske laks eller sjørøye den komande sesongen. Stansen gjeld alle reiskap og alle deler av vassdraget. Klima- og miljødepartementet vil snart sende forslag til naudsynte endringar i dei tre fiskeforskriftene for Tanavassdraget ut på høyring.

Utvida fiske etter gjedde og sjøaure

I tillegg til endringar i føresegna om laksefiske, blir det foreslått å utvide fisket etter andre artar enn laks og sjørøye i vassdraget. Mellom anna går departementet inn for å opna for eit utvida fiske etter gjedde og sjøaure. Tanavassdragets fiskeforvaltning har foreslått dei fleste av endringane i fisket etter andre artar i dei norske delane av vassdraget, og vil òg få eit hovudansvar for administreringa av dette fisket på norsk side.

– No er det avgjerande å bygge opp igjen desse viktige laksebestandane slik at dei komande generasjonane også skal få glede av å kunne hauste Tanalaks i framtida, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).