Lakserømming i Førdefjorden i Vestland

Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet fekk førre veke melding frå Flokenes Fiskefarm AS om rømming ved lokaliteten Storevik i Førdefjorden i Askvoll kommune.

Selskapet oppdaga hol i ei nót i samband med ein arbeidsoperasjon 31. mars.

– Omfanget av rømminga er førebels ikkje avklart. Flokenes Fiskefarm har fått 25 oppdrettslaksar i gjenfangstgarn etter hendinga. Fisken i den aktuelle merda har ein storleik på om lag 4 kg, skriv Fiskeridirektoratet i ei melding.

Fiskeridirektoratet følgjer opp saka og vil vurdere tiltak i vassdrag når omfanget av rømminga er klarlagt.

Fiskeridirektoratet ønsker at publikum melder inn tips om fangst av rømd oppdrettsfisk til direktoratet sin døgnopne vaktsentral.