Rømming av regnbogeaure i Herdlefjorden

Regnbogeaure. Foto: Tom Haga / Norwegian Seafood Council

Fiskeridirektoratet har denne veka fått melding frå Blom Fiskeoppdrett AS om rømming av regnbogeaure ved lokalitet Laksvika i Herdlefjorden, mellom Askøy og Holsnøy i Vestland fylke.

Blom Fiskeoppdrett melde tysdag om funn av hol i ei nót ved lokaliteten der dei produserer regnbogeaure. Fisken i merden er om lag 1 kg i snittvekt. Rømmingsomfanget er ikkje kjent, men selskapet planlegg teljing av fisk neste veke. Selskapet har sjølv fanga 17 regnbogeaure i sine gjenfangstgarn.

Det går fram av ei melding frå Fiskeridirektoratet fredag.

Fiskeridirektoratet varsla før helga selskapa som har produksjon i fjorden, om at det var fanga regnbogeaure i Norce si overvakingsruse ved Herdla. Det var etter dette at Blom Fiskeoppdrett fann hòl i ein av merdane.

Det er fanga totalt 13 regnbogeaurar i overvakingsrusa dei siste to vekene.

Ynskjer tips om rømd fisk

Fiskeridirektoratet ynskjer tips frå publikum som har fanga rømd regnbogeaure i området. Då det no er både vill aure og laks i fjordane, ynskjer direktoratet òg bilete av fisken, for å få avklart kva for art fangsten dreier seg om.

Direktoratet presiserer at gjeldande fiskereglar må følgjast.