Fylkesordføraren i Hordaland opna onsdag 16. september eit visningssenter for akvakultur ved Kystmuseet i Øygarden.
– Blom Fiskeoppdrett AS, Kystmuseet i Øygarden, Øygarden kommune og Hordaland fylkeskommune med fleire har bidratt til å etablere eit visningsanlegg for akvakultur i Øygarden. Hordaland fylkeskommune har i lengre tid arbeidd med å ta i bruk kysten som ein viktig ressurs både innan reiselivsnæringa, marin satsing, og i kulturformidling, vert det opplyst i ei pressemelding frå Hordaland Fylkeskommune.
Vidare har havbruksnæringa sjølv behov for formidling av næringa, og for kunne syne fram drifta av eit moderne matfiskanlegg som er ope for publikum. Visningsanlegget i Oen tilbyr omvisning, formidling og opplevingar ute på sjøanlegget.
Familieverksemd
Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd og har visjonar om langsiktig eigarskap og lokalt engasjement. Dei ønskjer å skape verdiar for lokalsamfunnet og i regionen for å sikre arbeidsplassar og byggje gode alliansar med reiselivsaktørar, produsentar av mat, og andre næringsaktørar.
Øygarden Visningssenter for akvakultur. Foto: Hordaland fylkeskommune
Kystmuseet
– Kystmuseet i Øygarden har høg kompetanse på formidling, og vil kvalitetssikre formidlinga av oppdrettshistoria og bidra til å utvikle gode opplevingsprodukt for visningsanlegget, heiter det vidare i meldinga.
Kystmuseet i Øygarden har og visjonar om å utvikle gode produkt i lokalsamfunnet, og stegvis utvikle tilboda på landlokaliteten.
Kystmuseet i Øygarden har i dag om lag 7.000 turistar som kvart år besøkjer museet. Visningsanlegget tek sikte på å ha høg kvalitet på produktet, og vil leggje opp til ei stegvis oppbygging av tilbodet. Dette for å kunne ta positivt imot publikum, og tilby ei god formidling av historie og kunnskap om næringa, og samstundes utvikle attraktive tilbod. Sjødelen av visningsanlegget er knytt til Blom Fiskeoppdrett AS sin lokalitet i Ovågen. Det er lagt nede eit omfattande arbeid for ferdigstilling både av utstilling og sjøanlegg.
For skulane
– Øygarden Visningssenter skal vidare tilby gode pedagogiske tilbod for skulane, og styrkja den lokale og regionale identiteten og matkulturen. Dette vil på sikt medverka til rekruttering til næringa, opplyser fylkeskommunen.