Eksportprisen for laks ned 1,42 kroner i veke 14

Lakseslakteriet på Hesteneset i Florø, (bygningsmassen nærast merdane). Illustrasjonsfoto: Terje Hatlem
Lakseslakteriet på Hesteneset i Florø, (bygningsmassen nærast merdane). Illustrasjonsfoto: Terje Hatlem

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned med 1,42 kroner frå veke 13 til veke 14 i 2026.

I veke 14 i 2026 var eksportprisen for fersk laks 89,13 kroner per kilo, ein nedgang på 1,6 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

16 503 tonn fersk laks

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 14 enda på 16.503 tonn, ein reduksjon på 22,5 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 21.292 tonn. Det er vanleg med lågt eksportvolum i påskeveka.

I veke 14 vart det eksportert 208 tonn frosen laks, og prisen var 63,72 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2026Fersk laksFrosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
14 16 503 89,13 208 63,72
13 21 292 90,55 736 73,91
12 18 308 94,40 931 72,52
11 17 120 94,98 572 74,43
10 16 113 88,03 531 70,92
9 17 853 81,34 357 70,82
8 17 853 84,89 409 67,18
7 19 990 93,60 468 68,58
6 19 798 92,86 599 75,07
5 20 538 81,29 749 71,44
4 20 924 83,09 468 73,14
3 22 239 83,65 355 66,06
2 21 000 92,33 348 77,86
1 13 496 100,40 61 73,92

 

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2025202420232022, 2021, 2020, 2019, 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.