Utspelet frå oppdrettsnæringa i Hardanger er ikkje godt nok, meiner seniorrådgjevar Atle Kambestad hos Fylkesmannen i Hordaland.
På møtet i Etne tysdag, gjorde han det klart at det er nå eller aldri for villfisken i Hardangerfjord-systemet.
Utspelet frå HardangerFjordLauget som kom seinare på same møtet, meiner han viser at næringa enno ikkje påtar seg det fulle og heile ansvaret, skriv Haugesunds Avis.
– Det er ingen tvil om at dei tilbyr eit visst samarbeid og er viljuge til å bruka ein del midlar for å sleppa unna produksjonsnedskjeringar, uttaler Kambestad.
– Villfisken kan likevel ikkje bergast utan slike nedskjeringar, seier han.
– Difor er det nå opp til Fiskeri- og kystdepartementet å setja kniven på strupen på næringa og gi dei ein klar tidsfrist for produksjonsnedskjering, seier seniorrådgjevar Atle Kambestad hos Fylkesmannen i Hordaland.
Les også: Tiltak mot rømd oppdrettsfisk i Hardangerfjorden 06.10.2009
Les også: HardangerFjordLauget er etablert 06.10.2009